Åretak

Dokumentarfilm

Dette er traileren til filmen. Se filmen i sin helhet her:

Se Åretak

Om prosjektet

Åretak er ein dokumentarfilm om historia til Langevåg og menneska som har levd av og ved sjøen gjennom generasjonar. Filmen tek publikum med på ei reise frå dei første spora etter menneske på øya og fram til dagens samfunn. Gjennom personlege historier, lokalhistorie og ny kunnskap frå forsking og arkeologi fortel filmen om korleis sjøen har forma både landskapet og menneska som bur her.

Prosjektet vart utvikla og produsert på dugnad, med eit ønske om å dokumentere og formidle ei historie som elles kunne gått tapt.

Flere prosjekt

Bak kulissene

Åretak er resultatet av fleire års arbeid med research, intervju, opptak og innsamling av historisk materiale. Gjennom produksjonen intervjua vi fiskarar, sjøfolk, lokalbefolkning, arkeologar, geologar og andre fagpersonar med kunnskap om området og historia. Filmen kombinerer desse forteljingane med arkivmateriale, nye opptak og rekonstruksjonar for å gi eit breitt bilete av utviklinga gjennom fleire tusen år.

Med ei speletid på nær to timar er Åretak det største dokumentarprosjektet vi har arbeidd med til no.

Image
Image
Image
    Klar for å fortelle din historie?